CLIENT BSK
COUNTRY
Norway
ROLE Creative Direction

HALL OF
FAME

CREATIVE SERVICES
Editorial Design
Concept Development
Copywriting

ENG./ Swimming as a sport traces far back in time and the ones that precede us inspire and motivate us. We follow in their footsteps and strive toward their level. Through all our actions, we represent and carry the legacy onwards. Here we honor some of those who have made the biggest impact throughout history in the sport.

I.KRÄMER-GULBIN

ENG./
Nickname: Engel-Kräme
Nationality: German
Born: 1943
Specialty: 3m + 10m Springboard

When The Cold War was raging in Europe, athletics was one of the areas where the ideologic conflict between east and west became the most apparent. Engel-Krämer on the other hand, became a fascinating exception: she was lauded as The Sports Personality Of The Year, in both East- and West- Germany in 1960, as the only athlete ever. She participated in the Olympics in both during 1960-and 64, and won the gold medal in both areas in 1960, gold and silver in 1964, and was the flag-bearer for the joint German Olympic Team in 64.

NO./
Kallenamn: Engel-Krämer
Nationality: Aust-Tysk
Fødd: 1943
Grein: 3m + 10m Sviktbrett

Medan den kalde krigen rasa i Europa var sport eit av dei områda der den ideologiske konflikta mellom aust og vest kom tydelegast til syne. Engel-Krämer vart i så måte eit fassinerande unntak; ho vart kåra til årets sportspersonlegdom i både Aust- og Vest- Tyskland i 1960,som einaste utøvar nokon sinne! Ho deltok i OL i 1960 og 64, vann gull i begge øvingar i 1960, gull og sylv i 1964, og var flaggberar for det samla tyske laget i 64.

J.WEISMULLER

ENG./
Nickname: Human Hydroplane & Chicago Whirlwind
Nationality: Hungarian & American
Born: 1904 - 1984
Stroke: Freestyle + Backstroke

Tarzan. For decades and decades, Johnny Weismuller was the embodiment of this character upon the silver screen. And for decades and decades later, youth growing up was watching these same movies. Not only did Weismullers Tarzan have a signature call, but he also had a signature style whilst swimming to rescue Boy or Jane from some trepidatious destiny in a flooding river; Proud chest and his head held high. A true inspiration for any aspiring recruit.

He was the first to ever break the minute boundary at 100 meters freestyle. A limit that was looked upon as unbreakable. Weismuller showed how it should be done going forward, but to this day, this is still a boundary that requires dedicated training and technical precision to break; Faster than Weismuller, is a badge of honor!

NO./
Kallenamn: Human Hydroplane & Chicago whirlwind
Nasjonalitet: Ungarsk & Amerikansk
Fødd: 1904 - 1984
Symjeart: Freestyle + Rygg

Tarzan. I tiår etter tiår var Johnny Weismuller den som kledde rolla på sylvskjermen. Og i tiår etter tiår seinare såg dei unge som vaks opp desse filmane. Ikkje berre hadde Weismuller sin Tarzan eit signatur rop, han hadde og sin eigen signatur stil når han sumde for å berge Boy eller Jane frå ein vond skjebne i ei flaumstor elv; stolt bryst og høgt hovud. Eit øvingsbilete for ein kvar aspirerande rekrutt.

Han var den fyrste som braut minuttgrensa på 100m fri, ei grense som lenge var sett på som endeleg. Weismuller synte vegen for korleis det skulle gjerast, men det er framleis ei grense som krev målretta trening og teknisk presisjon for å bryte; raskare enn Weismuller er eit heidersmerke!

M.NICHOLAS BIONDI

ENG./
Nickname: The California Condor
Nationality: American
Born: 1965
Stroke: Freestyle

Enabling your body to move fast through water is dependent on two things; to reduce resistance and transform power into movement with the least amount of oxygen! It is a fight where every progression has a cost, and the technique will have to be repeated until perfect throughout the years. For some, this becomes completely natural. Matt Biondi was the first man to ever swim 100 m Freestyle in the long lane in less than 49 seconds., and he did this the same year he became 20 years of age!

He managed to set world records in 5 different practices, won 11 Olympic gold medals, 6 World Championship medals, and was selected “World Swimmer of the Year” in both 1986 and 1988. As a sprinter, he was probably invincible in the pool. Still, during the 1988 Olympics in Soul, beaten by the smallest margin, 0,01 seconds, during the 100 m Butterfly. Antony Nesty from Suriname landed better.

NO./
Kallenamn: The California Condor
Nasjonalitet: Amerikansk
Fødd: 1965
Symjeart: Freestyle

Å flytte kroppen raskt gjennom vatnet er avhengig av to ting; å redusere motstand og å omsette kraft til rørsle med eit minimum av oksygen! Det er ein kamp der kvart framsteg kostar og der ein må repetere teknikk til perfeksjon over år. For enkelte fell det derimot heilt naturleg. Matt Biondi var førstemann under 49 sek på 100 m fri på langbane, og han gjorde det same året som han vart 20!

Totalt sette han verdsrekord i 5 ulike øvingar, vann 11 OL medaljar, 6 VM medaljar og vart kåra til “World Swimmer of the Year” i 1986  og 1988. Som sprinter var han tilsynelatande uovervinneleg i bassenget. Likevel vart han under OL I Seoul I 1988 overvunnen med minst mogeleg margin, 0,01 sek, på 100 m butterfly. Antony Nesty frå Suriname var heldigare med innslaget

G. LUGANIS

ENG./
Nickname: The Eagle
Nationality: American
Born: 1949
Area: 1m + 3m + 10m Dive-board

The Los Angeles Olympics of 1984 was historical for several reasons: The countries in Eastern Europe were boycotted on the basis of the 1980s boycott of the Olympics in Moscow. Ronald Reagan, the current president of the USA, open the games with a legendary Olympic fanfare and theme composed by John Williams. Zola Budd was running into Mary Decker, Carl Lewis copied Jesse Owens four gold medals achievement of 1936, Bobby Knight lead Michael Jordan and the rest of Team USA to victory in basketball, France beat Brazil 2-0 in the soccer finals, and synchronized swimming debuted as an Olympic sport. The Canadian Victor Davis won the 200 m chest swimming heat and achieved a new world record, and Greg Louganis won….everything.

Gregory Efthimios Luganis won everything possible to win both during the 84- and 88 Olympics. He is by many thought to be the best diver ever-existing and remains legendary in the sport. He had a technique that showcased control and inner calm, and it seemed like time stood still when he was mid-air. During the world championship of 1982 he was the first diver to achieve the valuation 10 point-blank from all seven judges. He won both disciplines during this event as well.


NO./
Kallenamn: The Eagle
Nasjonalitet: Amerikansk
Fødd: 1960
Grein: 1m + 3m + 10m Sviktbrett

1984 olympiaden i Los Angeles vart historisk av fleire grunnar: Landa I Aust-Europa boikotta på bakgrunn av 1980 boikotten av OL i Moskva, Ronald Reagan, sittande president I USA, opna leikane, til Legendariske “Olympic Fanfare and Theme” komponert av John Williams, Zola Budd sprang inn i Mary Decker, Carl Lewis kopierte Jesse Owens sine 4 gull frå 1936, Bobby Knight leda Michael Jordan og resten av Team USA til siger I basketball, Frankrike slo Brail 2-0 i finalen i fotball, synkronsymjing debuterte som olympisk grein, Victor Davis frå Kannada vann 200m bryst på ny verdens rekord og Greg Luganis vann …alt.

Gregory Efthimios Luganis vann det som var å vinne i både 84- og 88- Leikane og vart med det den einaste mannlege stuparen som har vunne alle stupeøvingar i påfølgjande OL. Han er av mange rekna som den beste stuparen nokon sinne, og ruvar framleis innan sporten. Han hadde ein teknikk som vitna om kontroll og indre ro, og det verka som om tida gjekk sakte når han var i lufta. I VM i 1982 vart han den fyrste stuparen som oppnådde vurderinga 10 av alle av dei sju dommarane i eit meisterskap. Han vann begge disiplinar der og.

C. NIKIC

ENG./
Nickname: Chris
Nationality: American
Born: 1999
Area: Ironman Triathlon

During 2020 Nikki was the first person with down syndrome to complete an Iron Man 140.6 points he did this in 16 hours and 46 minutes 14 minutes under the time limit limits set for the competition. He is currently training to participate in the Paralympics.

The challenges that Chris Nikki had from birth included a hole in his heart and big challenges with his balance organ in his ear canals he went through several big operations through his childhood and only through long-term and gradual training he could develop as an athlete.

His coaching group has developed a program that is now presented internationally in America called “1% Better””By “The Chris Nick Foundation” to increase the attention around people with Down Syndrome and how they can achieve big goals. His achievements are considered outstanding within triathlon.

“I learned that there are no limits do not put a lid on me.” Chris Nikki


NO./
Kallenamn: Chris
Nasjonalitet: Amerikansk
Fødd: 1999
Grein: Ironman Triathlon

I 2020 vart Nikic den fyrste personen med Down Syndrom til å fullføre eit Ironman 140.6. Han gjorde det på 16 timar og 46 minutt, 14 minutt under tidsgrensa sett for arrangementet. Han trenar no for å delta i Paralympics.

Utfordringane Chris Nikic hadde frå fødselen inkluderte to hol i hjarta og store utfordringar med balanseorganet i øyrekanalane. Han gjennomgjekk store operasjonar gjennom barndommen, og berre gjennom langvarig og gradvis trening kunne han utvikle seg som utøvar.

Trenarapparatet har utvikla eit program som no vert presentert nasjonalt i Amerika kalla “1% Better”, the “Chris Nikic Foundation”, for å auke merksemda kring personar med Down Syndrom og korleis dei kan nå store mål. Prestasjonane hans er av Ironman organisajonen rekna for å vere ei definerande bragd innan triathlon.

“I learned that there are no limits. Do not put a lid on me”
Chris Nikic

ALEKSANDR V.POPOV

ENG./
Nickname: The Russian Rocket & Ice Man
Nationality: Russian
Born: 1971
Stroke: Freestyle

Popov used 31 strokes during 50 m freestyle, making the time, 21.64. It remained the world record for 8 consecutive years from 2000 up until 2008. He is known for being the most sophisticated technical swimmer of all time.

Popov represented Russia, won 4 gold medals at the Olympics and was the first post-Weismuller to defend Olympic gold at both of the two shortest distances. He dedicated these wins to his coach, Gennadi Touretski. He won 6 golds in the World Cup and 21 golds in the European Championships!

Popov made an incredible comeback after he was stabbed with a knife and seriously injured in 1996. His lung was damaged, as was a kidney and an artery, yet he managed to defend his title as European Champion in both the 50 and 100 m freestyle.


NO./
Kallenamn: The Russian Rocket & Ice Man
Nasjonalitet: Russisk
Fødd: 1971
Symjeart: Freestyle

Popov brukte 31 tak på 50 m fri, tida, 21.64, var gjeldande verdsrekord i 8 år frå 2000- 2008. Han er kjent for å vere den mest finslepne teknikaren gjennom tidene.

Popov representerte Russland, vann 4 gull i OL og var den første etter Weismuller som forsvarte OL gull på begge dei to kortaste distansane. Han dediserte desse til trenaren sin, Gennadi Touretski. Han van og 6 gull i VM og heil 21 gull i EM!

Popov gjorde eit nærast eventyrleg combak etter at han i 1996 vart stukken med kniv og skada alvorleg. Lunga vart skada, like eins nyra og ei arterie, likvel klarte han å forsvare tittelen som Europameister på både 50 og 100 m fri.

D. FRASER

ENG./
Nickname: Golden Girl
Nationality: Australian
Born: 1966
Stroke: Freestyle

In October 1962, exactly 40 years after Johnny Weissmuller, Dawn Fraser became the first woman to total 100 m free in less than a minute! She was already holding the world record, a record she had for 15 consecutive years from 56 - 72, but the minute limit was a feat when she broke it!

She was the first to win individual gold in the same practice in three Olympics in a row, 100 m freestyle in 56, 60 and 64. Later, Egerrzegi and Phelps did the same, but Fraser showed the way!

In total, she set 39 world records and won 4 Olympic golds and 6 golds in the Commonwealth Games.


NO./
Kallenamn: Golden Girl
Nasjonalitet: Australian
Fødd: 1966
Symjeart: Freestyle

I oktober 1962, akkurat 40 år etter Johnny Weissmuller, sumde Dawn Fraser som fyrste kvinne 100 m fri under eit minutt! Ho var allereie verdsrekord haldar, ein rekord ho hadde i 15 år samanhengande frå 56 – 72, men minuttgrensa var ei bragd då ho braut den!

Ho var den fyrste som vann individuelle gull på same øving i tre OL etter kvarandre, 100 m fri i 56, 60 og 64. Seinare har Egerrzegi og Phelps gjort det same, men Fraser synte veg!

Totalt sette ho 39 verdsrekordar, vann 4 olympisk gull og 6 gull i Samveldeleikane.

NO./ Symjing som idrett har spor langt attende i tid, og dei som gjekk føre oss inspirerar og motiverar oss. Me går i deira fotefar, og strekkjer oss etter deira døme. I all vår framferd representerer me, og ber arva vidare. Her har me samla og heidra enkelte av dei som har gjort mest for sporten.

D.nyad

ENG./
Nickname: Bu
Nationality: American
Born: 1949
Profession: Open-water Swimmer + Author + Journalist

“I have never had to muster as much willpower, never wanted anything as much, never tried as hard.”

Sunburnt with salt-blistered lips and wounds from Portuguese Warships, Diana Nyad was lifted out of her shark cage after 42 hours in 8-foot high waves. With tears pressing through, she announced the defeat to the world press just a few hours later. At 28 she was not able to complete the world’s longest open-water swim, going from Florida to Cuba. 44 years later, she did. After in all 5 attempts, at 64, she was the first person to ever complete the trip, without a shark cage. She represented the unbreakable faith in training, preparation, and sheer willpower that could surpass all challenges, and ended up proving it. An achievement that to this day keeps inspiring and impressing generations of new open-water swimmers.

NO./
Kallenamn: Bu
Nasjonalitet: Amerikansk
Fødd: 1949
Profesjon: Hav-Symjar + Forfattar + Journalist

“Eg har aldri måtta mønstra så mykje viljestyrke, aldri ønskt noko så sterkt, og eg har aldri freista så hardt.”

Solbrend med saltskada lepper og med sår etter portugisiske krigsskip vart Diana Nyad løfta ut av haiburet sitt etter 42 timar i 8 fot høge bølger. Gråtkvalt formulerte ho nederlaget til verdspressa berre timar etter. 28 år gamal klarte ho ikkje å fullføre verdas lengste symjetur i ope farvaten frå Cuba til Florida. 44 år seinare gjorde ho det. Etter 5 forsøk totalt, 64 år gamal, vart ho den fyrste til å gjennomføre turen utan haibur. Ho representerte den ukuelege trua på at trening, førebuing og viljestyrke kunne vinne over alle hinder, og beviste det. Ein prestasjon som framleis inspirerer og imponerer generasjonar av nye openwater utøvarar.

D.KAHANAMOKU

ENG./
Nickname: The Duke & The Big Kahuna
Nationality: Hawaiian & American
Born: 1890 - 1968
Stroke: Freestyle

Duke Paoa Kahinu Mokoe Hulikohola Kahanamoku, the competitive swimmer hailing from Hawaii, made the ancient activity wave-surfing into a sport for other people than only the native islanders. He grew up whilst the Kingdom Of Hawaii was included in The United States of America and represented both the USA in competitions and the old Hawaiian culture as an actor cultural bearer.

He won five medals during the Olympic Games in 1912 in Stockholm, and 1924 in Paris. He specialized in 100 m Freestyle and was the last swimmer to win the distance without breaking the minute barrier. His nickname, The Big Kahuna, was used about the best wave-riders going back in time. Today it represents the ones who master their sport better than others.

NO./
Kallenamn: The Duke & The Big Kahuna
Nasjonalitet: Hawaiiansk & Amerikansk
Fødd: 1890 - 1968
Symjeart: Freestyle

Duke Paoa Kahinu Mokoe Hulikohola Kahanamoku, konkurransesymjaren frå Hawaii som gjore den urgamle aktiviteten bølgesurfing til ein sport for andre enn dei innfødde på øya. Han vaks opp medan kongedømet Hawaii var innlemma i dei Forente Amerikanske statane, og representerte både USA i tevlingar og den gamle Hawaii kulturen som skodespelar og kulturberar.

Han vann fem medaljar i olympiske leikar frå 1912 i Stockholm til 1924 i Paris. Han var 100 fri spesialist, og var den siste som vann distansen i OL utan å bryte minuttgrensa. Kallenamnet hans, The Big Kahuna, vert nytta om dei beste bølgerytterane på Hawaii frå gamalt av, men representerar i dag dei som meistrar sporten sin betre enn alle andre.

M.ROSE

ENG./
Nickname: The Seaweed Streak
Nationality: Australian
Born: 1939 - 2012
Specialty: Freestyle Long Course

Winners are always honored and valued for their athletic achievements, but only until someone else exceeds them. The ones who are remembered way past their prime do so through their sportsmanship, contributions in society, and through how they inspire through their sheer being. Murray Rose was celebrated for all of these things for the entirety of his life. and to this day, continues to live on in the Australian national identity.

Rose debuted in the Olympics at 17 years of age, in 1965, and won the two longest freestyle distances, as well as the 4X200 Freestyle relay race. Four years later, he won the 400m Freestyle, got silver on the 1500m Freestyle, and bronze in the relay race. Throughout his career as a swimmer, he held 15 world records, and for a while also held the record on 400, 800, and 1500 Freestyle at the same time. When the Olympic Games were hosted by Sydney in 2000, Rose was one out of 8 who carried the Olympic flag during the opening ceremony.

During his childhood, whilst swimming, Rose lived as a vegetarian, with a diet composed by his father. This is how he came to get the nickname “The Seaweed Streak”, partially through his intake of seaweed as part of his diet. He lived in the USA for a while, whilst working as a sports commentator and actor, but when he returned to Australia, he focused on offering experiences in sports for people with physical challenges, and safety in the water.

NO./
Kallenamn: The Seaweed Streak
Nasjonalitet: Australsk
Fødd: 1939 - 2012
Symjeart: Freestyle Long Course

Vinnarar vert alltid heidra og verdsett for prestasjonane sine, men gjerne berre til andre overgår dei. Dei som vert hugsa lenge etter glanstida, gjer det stort sett ut frå korleis dei forvaltar rolla si som utøvar, korleis dei bidreg i samfunnet eller korleis dei inspirerer. Murrey Rose vart heidra for alt dette så lenge han levde, og vil leve vidare i den nasjonale identiteten til Australia i overskodeleg framtid.

Rose debuterte i OL 17 år gamal i 1956 og vann dei to lengste fridistansane og 4x200 fri stafetten. Fire år etter vann han 400 fri, tok sylv på 1500 fri og bronse på stafetten. Han sette gjennom karrierar totalt 15 verdsrekordar, og hadde ein periode rekorden på 400, 800 og 1500 fri samstundes. Då OL vart heldt i Sydney i 2000 var Rose ein av 8 som bar de olympiske flagget i opningsseremonien.

I barndommen og som aktiv symjar levde Rose som vegetarianar med ein diett far hans komponerte, og slik fekk han kallenamnet “The Seaweed Streak”, delvis ut frå inntaket av tang. Han budde ei tid i USA og arbeidde som sportskomentator og skodespelar, men då han vendte attende til Australia fokuserte han på å tilby opplevingar innan sport til personar med rørsleutfordringar og tryggleik i vatn.

C. ARNE BORG

ENG./
Nickname: Monster Of The Waves & Tsar Of The Pool
Nationality: Swedish
Born: 191 - 1987
Stroke: Freestyle

The man who swam around the world! Arne Borg set more world records than any other person, he held 32 world records, and during the 1920s he held the record for all the freestyle distances above 300 m. (The shorter ones were held by fellow swimmer Johnny Weissmuller). At the same time, he stood out in water polo, often during the same championships and on the same day as attending swimming races.

He secured legendary status during the European Championships in Italy in 1927. He played water polo in the afternoons and got ready for the final of 1500 m free-style the same evening. The patriotic organizers had two Italians in the finals and held them as favorites for both the gold and silver medals. Two Italian flags were even made ready for the victory ceremony already prior to the race. Borg saw the Swedish flag put away by the organizers, and decided there and then to challenge the local stars.

He finished with split times five seconds below the form for the world record, chased through the entire race, and improve the record by 57 seconds. The end time was 19.07.2 and it stood as a world record up until 1938, and as the Swedish record up until 1958.

His opening was so strong that he beat his Italian rival with over 100 m, hitting the edge of the pool. He was practically all alone in the pool that day if it had not been for the diver and fellow countryman Niklas Skoglund helping him to keep his pace up until the last third of the race. Walking steadily along the edge, on splits that took Borg into the goal as the dominant Tsar of long-distance swimming.

NO./
Kallenamn: Monster Of The Waves & Tsar Of The Pool
Nasjonalitet: Svensk
Fødd: 1901 - 1987
Symjeart: Freestyle

Mannen som sumde rundt jorda! Arne Borg sette fleire rekordar enn nokon andre, 32 verdsrekordar hadde han, og på 1920 talet heldt han rekorden på alle fridistansane over 300m (dei som var kortare stod Johnny Weissmuller for) Og samstundes utmerka han seg i vasspolo, gjerne i dei same meisterskapa og same dagen som han sumde.

Legendestatusen kapra han under EM i Italia i 1927. Han spela vasspolo på føremiddagen og gjorde seg klar for finale på 1500m fri på kvelden. Dei patriotiske arrangørane hadde to italienarar i finalen, og heldt dei som favorittar til både gull og sylv, og to italienske flagg var klargjort for sigersseremonien allereie før løpet. Borg såg det svenske flagget stuva vekk og bestemte seg der og då for å utfordre dei heimlege stjernene.

Han gjekk ut med splitt-tider 5 sekund under skjema til verdsrekord, jaga gjennom heile løpet og forbetra rekorden med 57 sekund. Sluttida 19.07.2 var gjeldande verdsrekord til 1938, og svensk rekord til 1958.

Så sterk var opninga hans at han slo den italienske rivalen sin med over 100 meter i mål. Han var praktisk talt åleine i bassenget den dagen, om ikkje det hadde vore for stuparen og landsmannen Niklas Skoglund som hjalp han til å halde oppe takten siste tredjedelen av løpet. Han gjekk langs kanten, jevnt og støtt på splittar som tok Borg i mål som den eineveldige Tsaren på langdistanse.

D. MEYER

ENG./
Nickname: Debbie
Nationality: Australian
Born: 1952
Stroke: Freestyle

At only 16 years old Deborah Elizabeth Meyer won the three longest freestyle distances during the Olympics in Mexico in 1968! It was the first year in history that women were allowed to swim further than 400 m, and by default, she made history as the first winner of a long-distance race for women, but also as the first woman to ever win three consecutive freestyle distances. This record stood until 2016 when Katie Ledecky finally managed to win three freestyle distances: 400, 800, and 1500.

Throughout her career Meyer was severely affected by asthma, but found a sanctuary in the water and sets 15 world records, was nominated for the title of “World Swimmer of the Year” in 1967, 68, and 69. She ended her swimming career in 1972, established her own swimming academy, and has taught swimming, lifesaving, and safety in water.


NO./
Kallenamn: Debbie
Nasjonalitet: Australsk
Fødd: 1952
Symjeart: Freestyle

16 år gamal sigra Deborah Elizabeth Meyer på dei tre lengste fri distansane under OL i Mexico 1968! Det var det første året kvinner fekk symje lengre enn 400m, og ho vart dermed historisk både som den fyrste vinnaren på den lange fridistansen for kvinner, men og som den fyrste som sigra på tre fridistansar. Den rekkorden sto seg fram til OL I 2016 då Katie Ledecky endelig og klarte å vinne tre fri distansar: 400, 800 og 1500.

Meyer var heile karrieren kraftig plaga av astma, men fann ein fristad i vatnet og sette totalt 15 verdsrekkrdar, vart kåra til “World Swimmer of the Year” i 1967, 68 og 69. Ho avslutta den aktive karriera si i 1972, etablerte sin eigen symjeskule og har sidan undervist der i både symjing, livberging og tryggeik knytt til drukning.

M. SPITZ

ENG./
Nickname: Mark The Shark
Nationality: American
Born: 1950
Strokes: Butterfly + Freestyle

Every now and again comes an athlete who is more hungry than anyone else. Who is not satisfied by only winning, nor satisfied with setting records. These individuals are always instrumental in their area, the one everyone wants to measure up against and the one who shows the way. With 9 Olympic golds, and 7 during the same championship, Mark Spitz was named "World Swimmer of the Year" in 1969, 1971 and 1972.

First among equals, Mark Spitz himself was plagued by doubt and the fear of not living up to his own and others' expectations. He is known for having doubted whether he should participate in the 100 m freestyle race in the Olympics in 72, right up to the last minute: "If I succeed and take the gold medal I will become a legend, if I fail I am a joke". These were the thoughts of the most awarded winning athlete in the Olympics.

20 years after resigning, he tried to qualify for the Olympics yet again. He almost succeeded, and made it to the American outtake, but did not manage getting to the Olympics.

NO./
Kallenamn: Mark The Shark
Nasjonalitet: Amerikansk
Fødd: 1950
Symjeart: Butterfly + Freestyle

Ein gang i mellom kjem ein utøvar som er meir svolten enn alle andre. Som ikkje vert tilfreds med å sigre, ikkje tilfreds med å sigre igjen og heller ikkje tilfreds med å setje rekordar. Desse utøvarane vert alltid bautaer i si grein, den alle vil måle seg mot og den som viser veg. Med 9 olympiske gull, 7 i same meisterskap, var Mark Spitz kåra til “World Swimmer of the Year” i 1969, 1971 og 1972.

Fyrst blandt likemenn var sjølv Mark Spitz plaga av tvil, og angsten for ikkje å leve opp til eigne og andre sine forventningar. Han er kjent for å ha tvilt på om han skulle delta heilt opp til minuttet før innkallinga på 100 m fri i OL i 72: “Om eg lukkast og tek gullet vert eg ei legende, om eg mislukkast er eg ein vits” tenkte den til då mestvinnande atleten i OL.

20 år etter at han la opp freista han på ny å kvalifisere seg til OL. Han lukkast nesten, han kom til den amerikanske uttakinga, men kom ikkje med til sjølve tevlinga.

E. WILLIAMS

ENG./
Nickname: America's Mermaid
Nationality: American
Born: 1921-2013
Profession: Synchronized Swimmer + Skodespelar + Entrepeneur

The princess of synchronized swimming!

Esther Williams held several national records in swimming, but when World War II broke out, she, like the other American swimmers, was prevented from participating in the Olympics of 1940. She then went on to show swimming in "Billy Rose's Aquacade" at the World Fair in New York. There she performed with other world-renowned swimmers such as Johnny Weismuller and Elleanor Holm, while Duke Ellington played the music!

It was a different time, and swimming at their level was more comparable to artistry than sports. Williams was recruited into Metro-Goldwyn-Mayer's film crew and starred in a series of "Aquamusicals," in which she showed an astonished audience advanced choreography with elements of synchronized swimming, diving, and long underwater scenes. She even had a role in a movie with the cartoon characters Tom & Jerry.


NO./
Kallenamn: America's Mermaid
Nasjonalitet: Amerikansk
Fødd: 1921-2013
Profesjon: Synkrom Symjar + Skodespelar + Entrepenør

Synkronsymjing si absolutte fyrstedame!

Esther Williams heldt fleire nasjonale rekkordar innan symjing, men då andre verdskrigen braut ut vart ho til likes med dei andre amerikanske symjarane hindra frå å delta i OL i 1940. Ho gjekk då over til oppvisingssymjing i “Billy Rose’s Aquacade” på Verdsmessa i New York. Der opptredde ho saman med andre verdskjente symjarar som Johnny Weismuller og Elleanor Holm medan Duke Ellington spela!

Det var ei anna tid, og symjing på deira nivå var meir å samanlikne med artisteri enn idrett. Williams vart rekrutert inn i Metro-Goldwyn-Mayer sin filmstall og hadde hovudrolla i rekke "Aquamusicals," der ho synte eit forbløffa publikum avanserte koreografiar med innslag av synkronsymjing, stuping og lange undervass-scenar. Ho hadde til og med ei rolle i ein film med teiknefilmfigurane Tom & Jerry.